CV kultur- og friluftsliv

Eg heiter Arne-Kristian Glück-Teigland, blant vener berre AK. Eg er oppvaksen på gard i Øystese i Hardanger. Fekk tidleg interesse for friluftsliv gjennom turar med far min i dongeribukse og hogststøvlar og speidaren kor me lærte å sova i våte soveposar. Vart også kulturelt oppvaksen på hard rock gjennom tøffe bønder i grannelaget. Har jobba i ei årrekkje i Bergen og Hordaland Turlag som turansvarleg og arrangementsansvarleg for 7-fjellsturen. Starta musikkfestivalen Bygdalarm i Øystese i 2007 og deretter eiga verksemd i prosjektselskapet Bygdagnist i 2012. Har drive det lokale bygdemuseet parallelt med prosjekta Hardanger 2014 og Hardanger åtgaum seinare åra. Vart tilsett som dagleg leiar av kammermusikkfestivalen Hardanger Musikkfest hausten 2019. Er frå 2022 vertskap og drivar på Fagerheim fjellstove på Hardangervidda.

Hardanger åtgaum

Hardanger åtgaum er eit foretak som kombinerer interessa for kultur, historie og natur gjennom aktivitetar. Av arrangement som kan nemnast er Hardinglaup (langlaup på fjellski i umerka høgfjellsterreng), Breidablik opp (tradisjonsrikt motbakkeløp til steinhyttene ført opp av Bjarne Huse), føringsturar til Trolltunga vinterstid og over Hallingskarvet. I tillegg har me freista å kombinera musikalske opplevingar i fjellet. Eit høgdepunkt var utandørskonsert med det norske blackjazzbandet Shining på Trolltunga i 2015. Hardanger åtgaum er stolt berar av merkevara «Eg er ein harding».

Hardanger åtgaum - i pakt med naturen, historie og kulturen

Ekspedisjonar

2014: Grunnlovsvandring 

6 hardingar la i 2014 ut på tur frå Hardanger til Oslo i samband med grunnlovsjubileet «Hardanger 2014». Med på turen var ein figur av den einaste grunnlovsmannen frå Hardanger, Arnoldus von Westen Sylow Koren. Turen enda opp på Oslo Konserthus kor det var eit storslått Hardanger-arrangement for fullsett sal med statsministeren som æresgjest. Me fekk æra av å helsa på ho – og omvendt.

 2017: Ekspedisjon Nansen 1884

10 hardingar la vinteren 2017 ut på tur frå Bergen til Oslo i fotefara til Fridtjof Nansen. Den unge og uredde studenten Nansen las vinteren 1883 ei lysing i tidsskriftet Norsk Idrætsblad at det skulle haldast skirenn i Oslo. På nyåret strauk han av garde og deltok i Husebyrennet før han returnerte. Me gjennomførte ei gjenskaping av ruta hans med tradisjonelt utstyr, klede og mat vinteren 2017.

Denne turen vart tilliks med Nansen dekka av reisebrev formidla gjennom Åsnes: https://harding.asnes.com/ 

To tematiserte langturar mellom aust og vest, atterhaldsvis 2014 og 2017

2021: Dronning Sonjas Honnørmarsj

I mars 2021 la ein gjeng hardingar ut på langtur frå Hardanger til Oslo på Dronning Sonjas Honnørmarsj.  Ferda tematiserte rituala knytt til fjellet og dei historiske lenkjene mellom aust og vest på vidda. Ruta går frå Lofthus til Oslo med pulkar fylt med rituelle og kulturhistoriske gåver. Turfylgjet enda til sist opp i Oslo i møte med Dronninga og overrekkjing av gåvene.

2022/2023: Nansen til Sydpolen

40 dagars ekspedisjon utan etterforsyning frå Hercules Inlet til Sydpolen. Med inspirasjon av Fridtjof Nansen og hans ufullendte draum om å koma seg til Sypolen. Ein fantastisk langtur med makker Kjartan Bergsvåg. Me starta som vener og endte som brør.