Sponsorar

I alle tider har større ekspedisjonar fått hjelp frå velvillige samarbeidspartnarar. Både Nansen og Amundsen fekk hjelp av bidragsytarar som hadde trua på prosjekta deira. Me er også heldige som har solide, nære og kjære partnarar som samarbeider med oss om dette prosjektet:

  • Valet vårt på ski er naturleg. Åsnes har produsert kvalitet i 100 år og er ein berebjelke i norsk skihistorie. Dei fyrste brørne Åsnes var ein del av produksjonsteamet på Hagen Skifabrikk som produserte ski til både Nansen og Amundsen frå 1910. Med solide føter i historia og med eit offensivt blikk på framtida er me kry av å gli av garde over Antarktis på ski frå Åsnes. Skiprodusenten frå Voss er hovudsponsor av «Nansen til Sydpolen».

  • Ny og aktiv klokkeprodusent med særskild vekt på ekspedisjonsklokker. Hadde 50 klokker over Grønlandsisen i mai 22. Skal ha 50 norskproduserte klokker i titan til Nordpolen, K2 og Mount Everest i 2023.

  • Nansen var ihuga forskar og likte å presentera tal og grafar. Me er heldige som har fått everviz med på laget.

    everviz tilbyd skybaserte verkty for datavisualisering på web og mobil. Dei formidlar digital historieforteljing med interaktive visualiseringar og gier bodskapen enklare å skjøna, meir truverdig og engasjerande. Frå kontora i Noreg betjener dei kundar over heile verda i ei rekkje bransjar: nyhetsmedier, kommunikasjon, finans, offentlig administrasjon, utdanning, forskning, marknadsføring osv.

  • Kompromisslaus kvalitetsconnosieur. Norskproduserte pulkar som toler dei barskaste område. Acapulka forsyner «Nansen til Sydpolen» med to spesiallaga pulkar med historisk utsjånad.

  • Me skor oss med det beste på 1100 km i isen. Takk til Alfa Polar for dei beste ekspedisjonsskorne på marknaden.

  • Tekstilleverandør med sterk historisk forankring. Samarbeidspartnar til AK gjennom fleire år. Ein velkjend og velbrukt kvit (les: svart) nikkers skal på si siste reis siste dag på ekspedisjonen.


  • Det inste laget er viktig og me utstyrer oss med netting og ull frå Brynje.

Andre heltar