Hovold

Logo og verdiar
I logoen finn du symbolet Hovold. Dette representerer ei rekkje verdiar nært hjarta og hendene til gardsguten AK.

Kulturberaren, tidlegare kollega og ven Arne Fykse i Gamlastovo gardsrestaurant skildrar hovolden betre enn nokon:

«Hovolden er ein tradisjonell og tilårskomen reiskap til snøring av tau. Dette vart brukt flittig på gardane omkring og står fram med fullkomen bruksdesign og gjev prov på den handamakta som vart brukt på ein gard.

Hovolden fungerer som låsemekanisme for tauet. Lett å knyta - lett å få opp att. Kulturlandskapet i Hardanger er gjennom hundreåra vorte forma gjennom at menneske har rydda og hausta landskapet heilt frå fjorden og opp mot fjellet. Når lauv og gras skulle til gards, var hovolden og "børatogje" alltid ein del av reiskapen. Hovoldet vart sett ned i bakken, tauet tauet vart lagt ut og graset lagt oppå. Når høybøra var stor nok, snørde dei tauet ved å smetta det gjennom hovoldet. Når lasset var nok tilsnørt vart det laga eit stikk på kvar av endane på hovoldet. Dermed er tauet låst og børa kan berast - eller løypast heim på løypestreng.» 

Ein eigen hovold vert bringa med til Antarktis og skal fungera som lås for tau og strikk på pulken.