Vinteren 2022

Vossingen Kjartan Bergsvåg og hardingen AK Glück-Teigland skal hylla Fridtjof Nansen ved ein historisk ekspedisjon til 90 grader sør.

Endeleg skal den ultimate draumen til Fridtjof Nansen skje fyllest: han skal koma til Sydpolen – den eine tingen han aldri fekk gjort. Med historia som inspirasjon og rettesnor, med autentisk basert utstyr og tankegods skal verdas kanskje mest kjende nordmann endeleg få oppnå draumen sin. Nansen-ruta skal oppdagast på det store kvite kontinentet og eit flagg med Fridtjof Nansen skal plantast der Amundsen kom 14. desember 1911. Ekspedisjon «Nansen til Sydpolen» representerer det Nansen stod for:

punktlegheit // nøysemd // djerv // nysgjerrig

Nansen til Sydpolen

Soga

Vinteren 1895/1896 sat Fridtjof Nansen forkommen i ei lita steinbu på Frans Josefs Land saman med Hjalmar Johansen. Dei overvintra der etter å ha måtta snu på deira framstøyt til Nordpolen under Fram-ekspedisjonen 1893-1896. Ingen hadde vore så langt nord som dei då dei snudde på 86º14’N, men draumen om Sydpolen voks i Fridtjof Nansen.

16 år seinare triumferer Roald Amundsen då han plantar det norske flagget på Sydpolen etter å ha lurt både Nansen og resten av det norske folk. No er tida inne for å fullføra draumen til nasjonalikonet Fridtjof Nansen – å gå til Sydpolen.

It is still, as it always was, chiefly the man on which the results of an expedition depend
— Fritjof Nansen

Fyndord

Ingen ekspedisjon utan eit overskyggande fyndord som gjev retning og tryggleik:

Nansen skreiv desse orda i artikkelen ”The race for the South Pole. Future of polar exploration.” som han sende til eit amerikansk magasin og det engelske sportsbladet The Field (Ref Hardald Dag Jølle, biografi side 466).

Faksimile: Privat brev, Nasjonalbiblioteket

Ekspedisjonsdeltakarar

AK Glück-Teigland

41

Hardanger

Gamal speidar med sans for slit. Brukte fjellski i skianlegget som barn. Har sove i telt midt i ein bekk. Har kryssa Hardangervidda i Nansen sine fotefar med dårleg glid og tung pulk. Er fjellførar på Finse og Trolltunga vinterstid. Driv Fagerheim fjellstove på Hardangervidda. Er glad i fenalår og indiepop.

Kjartan Bergsvåg

43

Voss

Bonde, tømrar og sagbrukar på Voss. Har gjennomført ei rekkje ekspedisjonar: kryssa Canada på tvers, padla elva Kolyma i Sibir og kryssa Noreg på tvers med kajakk. Vert inspirert av dei store viddene og dei horisontale linjene.

Ferda

Ekspedisjonen skal gå av stabelen november 2022 – januar 2023. Ruta går frå det vidgjetne Hercules Inlet ved sjøkanten til Sydpolpunktet 2800 moh. Traséen er om lag 1100 km lang i eit umerkt inferno av is, snø og sastrugi. Ein forventar om lag 40-50 dagar på gjennomføringa. Turen er unsupported og vert gjennomført utan anna hjelp enn eigne føter og ski.

Roald Amundsen entra Sydpolen i 1911. I 2022 er det Fridtjof Nansen sin tur og eit eige flagg skal plantast der kor dette teltet ligg under 8 m is...

Nansen-ruta skal etablerast frå kysten til polpunktet.

Sjå presentasjon av turen